Forum: Åpent forum

Fjelltrimtur i Hyllestad

Mandag 21.mai prøver vi på ny med fjelltrimtur til Torgeirsletta. Start ved Øen kapell på Sørbøvåg
kl.19.00. Velkomen på tur.

Nye filmar på Fjaler Kino i Dale. The Dictator og Men in Black 3

Kinosjefen, Kåre Antonisen, har plukka ut to nye filmar:
Her blir det norgespremiere!
«The Dictator» Am. Komedie 11 år
Ny komedie med Sacha Baron Cohen.
Hugsar du Borat? Filmweb HER

Onsdag 16.05 Kl.20.00
Sundag 20.05 Kl.20.00
Tysdag 22.05 Kl.20.00 Les mer…

Referat fra Barnas Turlag Hyllestad / Sauesnyken 06. mai

Trass haglebyger og kald vind var det ein sporty gjeng på 21 personer som møtte opp og var klar for tur i dag.

Etter velkomsttalen bar det i veg oppover skogsveien. Første stopp var Panoramautsikten der vi åt niste og ungane fekk stempel i turpassa sine. Det var tre unger som hadde vert med på alle fire turane i år og dermed fekk premie.

Nokon valgte å snu her mens resten av gjengen fortsatte mot Sauesnyken. Det var sterk vind på toppen så det vart ein kort visitt før vi begynte på nedstigningen.

Turen tok ca 2,5 timer.

Turboen var redd han skulle blåse vekk og bli våt i pelsen så han gjømte seg i sekken heile dagen:)

Vi takker alle som var med på turen og håper de er klar for ny Turbotur 3. juni, sykkeltur til Værlandet/ Bulandet.

Barnas Turlag Sykkeltur 03. juni

Barnas Turlag Hyllestad inviterer til vår alle første SYKKELTUR!! Vi møtast ved Fure ferga kai kl 08.00, ferga går kl 08.20 frå Fure og er ute i Værlandet kl 09.30. Der vert det info for dagen og opptelling om antall personer (smått og stort) som skal ha middag på Værlandet Gjestehamn på slutten av sykkeltur ca kl 14.00. På kroa skal Gry Leite (tante til Vegard Leite fra ”Idol 2011”!) servere gryterett m/ris, brød og salat inkl valgfri drikke kr 140 pr pers eller stor pizza inkl valgfri drikke kr 180 pr pers.
Vi syklar ”NORDSJØPORTEN” – VEG MELLOM VÆRLANDET OG BULANDET. Når vi er komt i Bulandet så vert det mulig å stoppe på Bulandet Temapark eller gå ein tur på ein liten fjelltopp (tek 10 min). Det vert også fiskemuligheiter – hugs fiskeutstyr.
Ca. kl 12.30-13.00 syklar vi tilbake til Værlandet. Vi må rekne med ca ein time på sykkel og vi tek utgangspunkt i mat- økt på Værlandet Gjestehamn frå kl 14.00.
Ferga går frå Værlandet kl 16.15 og er tilbake i Fure kl 17.15
HUGS HJELM (PÅBUDT!)

KONTAKTPERSON: Ingunn Steiestøl: Mobil 90569939

Vi tek veirforbehold på denne turen, blir det skikkelig ruskeveir så avlyser vi.

Fjaler Kino i Dale: American Pie: Reunion

Sundag 13. mai kl 20.00

«American Pie: Reunion» Am. Komedie/Romantikk 11 år.

Søknadsfrist Hyllestad og Fjaler kulturskule

15. mai er fristen, enten ein vil søkje nytt tilbod, endre tilbodet eller slutte. Organisasjonar og institusjonar som ynskjer å kjøpe tenester vert og bedne om å ta kontakt. All nødvendig info finn du her.

Hagedugnad Eiklund

Våren er her!

No skal det bli fint til 17.mai og sommaren! Har du tid og lyst til å gje ei hjelpande hand blir det dugnad desse dagane;
Torsdag 10.mai frå kl 1700
Mandag 14.mai frå kl 1700

Velkommen til sosial dugnad med kaffi og knallgode vaflar!

Arr: Omsorgstenesta/Frivilligsentralen

Jubileumskonsert med Fjordklang !

Fjordklang arrangerer i lag med Norsk Kvernsteinsenter konsert i Kvernsteinsparken på Hyllestad laurdag 19.05 kl.15.
I fjor fylte Fjordklang 20 år, og feirar det i år, med korsong sjølvsagt.
Kyrkjebø ungdomslag songkor deltek også som gjestekor.
I tillegg har vi med oss Vilde Østerbø Lorentzen, Arlen Espeland og Elisabeth Sowerby Dale.
Dette vert ei flott songoppleving. Kom og høyr !
Vi ønskjer alle hjarteleg velkomen.

Dirigent:Jens Inge Sandem Strømsnes
Piano: Sonoko Ohmori
Billett: voksen 150 kr, barn under 15 år 50 kr, senior over 60 år 120 kr.
Vi sel kaffi, te, pølser, brus og kaker.

Om du treng skyss, ta kontakt med Solfrid på Frivilligsentralen, tlf. 57789559 – 41480018 innan 16. mai !
Vel møtt :-)

Fjaler Kino. Kinosjefen set opp nye filmar.

Kåre Antonisen har plukka ut nye filmar. Først i mai kjem desse.
Sjå også FB Fjaler Kino

Her kjem ønskje:
- Hei, Eg kan sterke anbefale “The Very Exotic Marigold Hotel” . Håper at kanskje vi kan sjå denne i Dale?
- Så glad! “Best Exotic Marigold Hotel” er her. Les mer…

HAVYARD CUP 2. JUNI -utvida påmeldingsfrist !!

I samarbeid med Havyard inviterer Hyllestad Idrettslag til fotball-turnering for jenter og gutar 11-16 år. Påmelding i fylgjande klassar: J 11/12, G 11/12, J 13/14, G 13/14, J 15/16, G 15/16

5-ar fotball, 1 × 17 minutt, minimum 3 kampar
innleiande runde og sluttspel for dei to eldste klassane

Påmeldingsavgift kr 600 per lag. Alle vert premierte.

Vi kan i tillegg by på fylgjande:
- Musikalsk innslag: VEGARD OG BÅRD LEITE
- ”Røris” – aktivitet til musikk
- Bogeskyting
- Ansiktsmaling
- Riding
- Kiosksal

Påmelding innan 15. mai til epostadr: kevin.wolff@enivest.net
”Fyrste lag til mølla” vil gjelde. Påmeldinga vil bli beden stadfesta med innbetaling.

Spørsmål kan rettast til cupansvarleg Kevin Wolff : 90051611

Basar i Øen Grendahus

Palmesøndag 1. april kl 1500
Øen Helselag held basar! Gratis mat og kaffi
Alle er hjarteleg velkommen

Fottur på søndag 25.mars med ung UT 1413

Søndag 25.mars
Oppmøte kl 1030 ved Løland bru
Vi går til Mørketjørna og endar opp på skogsvegen ved Lonebakkane på Nes. Turtid: 4 timar i behageleg tempo inkludert matpause!
Ta med niste, gjerne som kan varmast på bål, drikke og sitteunderlag.
Ta med kniv, eller tursag/øks om du har.
Gummistøvlar eller høge fjellstøvlar er best å gå i, gjerne med gamasjar. Er du under 11 år, ta med ein vaksen.

Velkommen på tur med ung UT!

Annonse