Barnas Turlag Hyllestad på vinterskogstur i Handalen

Vinterskogstur i Handalen
Reven TURBO inviterer små og store med seg på vinterskogstur til Allbakken i Handalen
Søndag 21.mars kl.12.00

Meir om UKM, lokalmønstringa

Plangruppa for UKM har hatt møte, her er litt detaljinformasjon. I gruppa sit Jørgen Skivenesvåg, Kine Solheim, Arlen Espeland, Kjell Eide og Ole Jakob Nedrebø. Hugs påmelding via www.ukm.no seinast 17. mars. Info finns og på Hyllestad kommune si heimeside.

Aktiv på dagtid i Hyllestad

Aktiv på dagtid er eit nytt tilbod som fleire samarbeidar om her i Hyllestad. Blandt dei er fysioterapi, helsetenestene, aktivitetssenter og frivilligsentralen. Målsetting er å fremje fysisk og psykisk helse. Det er også kjekt å kunne vere i lag med andre. I første omgang blir det arrangert ulike gåturar her i kommunen. Desse vil bli kunngjordt i “det skjer” i Firda.

Kvar mandag er det oppmøte kl 0930 ved kommunehuset i Hyllestad. Turane på mandagar går herifrå til Lia/Nes. Kle deg etter dagen vær, ha gjerne med matpakke. Anne Marit har stavar til låns om du ønskjer.

Hyllestad- Strømmen

Hyllestad skyttarlag-innandørs lagsmeisterskap 6.mars

26 skyttarar stilte opp på lagsmeisterskapet i miniatyrskyting laurdag då stemnet vart avvikla i “Bomberommet” på Hyllestad skule.
Det vart prestert mykje god skyting, og i fleire klassar vart det jamne duellar.

Beste resultata vart det som venta i eldre rekruttklassen der både Lovise Eiken og Marit Varlid skaut 250p. Denne gongen var det Lovise som hadde flest innertiarar,19, mot Marit sine 16, og dermed vart det lagsmestertittel til Lovise. Jonas Nord Løland tok tredjeplassen i denne klassen med sterke 249p.

Juniorklassen vart vunnen av Jørgen Skivenesvåg med 247p framfor Arnhild Eiken med 242p.

UKM - lokal mønstring i Hyllestad

Ja, det er sant at det er flott når ungdommen står på! Lokalmønstringa i Ungdommens Kulturmønstring vert altså laurdag 20. mars kl. 13 på Åfjorddalen Bygdehus. All nødvendig informasjon OG link til påmeldinga finn du på Hyllestad kommune si heimeside her eller direkte på www.ukm.no.

Flott stå-på-ungdom!

Så har endeleg noko negativt i Hyllestad blitt snudd til noko positivt, takka vere ungdommar med stå-på-vilje. UKM vart teke vekk frå budsjettet, og dermed miste ungdommen eit arrangement som har vore mykje omtykt. Men etter eit møte i dag, mellom ordføraren og eit par “gjengangarar” på tidlegare UKM-tilstellingar, vil UKM likevel gå av stabelen i Hyllestad. BRA jobba! Det er viktig å ikkje stikke hendene i lomma og berre godta at sånn blir det. Hald fram med å vise kva de vil og kva de treng for å trivast i kommunen. Og etter ulike tiltak frå kommunen si side for å halde på/få ungdom attende, så skulle det vel berre mangle at ikkje dette flotte arrangementet skulle avviklast!

Næringsutviklinga i Hyllestad

Som engasjert medlem i styringsgruppa for næringsarbeid i Hyllestad, har eg lagt ut eit innlegg på min personlege blogg om mine tankar og synspunkt på vegen vidare. Innlegget finn du her:

http://systaddal.blogspot.com/2010/03/spissa-handlingsplan-gjev-nye.html

Eliteserien biljard

Hyllestad
-
Stavanger

Tredje runde eliteserien.

Utfordringar krev løysingar - finn dei!

Hyllestad har denne veka vore i Firda sitt fokus. I likheit med dei forrige oppslaga, så er det utfordringane knytte til pengemangelen som dreg til seg denne merksemda. No på laurdag var det kutt i UKM-midlane det dreia seg om.

Denne saka – i likheit med andre budsjettrelaterte saker – dreg med seg utfordringar og problemstillingar som både politikarar og innbyggjarar må forhalde seg til. Så er spørsmålet – klarar vi å gjere utfordringane til noko konstruktivt?

VINTERFEST FOR DEI OVER 60

Åfjorddalen Ungdomslag, Lauvsprett 4H og Åfjorddalen Bygdekvinnelag i samarbeide med Frivilligsentralen og Folkeakademiet Hyllestad, inviterar til ein kjekk ettermiddag og kveld for alle over 60 år.
STAD: Åfjorddalen Bygdehus
TID: Lørdag 6. mars kl 1700
Det blir gryterett med mykje attåt, gode kaker og kaffi. Programinnslag (song m.m) frå lokale krefter. Dans ut i dei seine kveldstimar til musikk av Eileiv og Leif. Pris kr 100,- pr.person.

VEL MØTT TIL EIT HYGGELEG SAMKOME

Fylgjeskriv til referat frå allmannamøtet i Vonheim søndag 24.01.10

Referatet vert distribuert til alle som har oppgitt e-post adresse til Øen Grendalag i denne samanhengen. Dei som ikkje har e-post kan hente eit skriftleg eksemplar på butikken (Bunnpris).

Om du kjenner nokon du trur kan vere interessert i dette skrivet, ver vennleg å sende vidare.

REFERAT FRÅ ALLMANNAMØTE I VONHEIM 24.01.10

Dei ungane som hadde meir lyst til å leike gjekk på kjøkkenet, der Kirsten Ryland & Co. sørga for at dei hadde det fint.

Roar Nordbø fortalde kort om grendelagets historie som starta i 2000 etter eit initiativ frå styret i Øen ungdomslag til å omorganisere laget til eit grendelag.

Idear som kom fram i samband med allmannamøtet i Øen grendalag 24/01.10

Ide` myldring 24.01.2010.
Områder / utvikling :
• Vonheim og Industriområdet
• Hamneparken, båthamna, kyrkja og butikken.
• Sjukeheimen
• Turstiar
• Næringsområde
• Barnehagen
• Skytebana
• Kapellet
• Biljarden
• IT-løysingar (Internett, breiband o.l.)
• Marknadsføring, (postkort, reklame o.l.)
• Anna infrastruktur

Viktige stikkord :
• Folk stemmer / prioriterer frå 1-10 på liste over tiltak.
• Organisere styret med 1-frå alle ”områder” innan 6958
• Bruke Kvernstein aktivt i marknadsføring, også i Sørbøvåg.
• Samle mange aktivitetar på eit område, eksempelvis Hamneparken (sentralt for turistar og like ved butikk)
• Kan vi gjere oss nytte av aktivitet på Lutelandet, kva kan vi tilby ?
• Samarbeid med Båtlaget om disponering av areal i Hamneparken.
• Sosiale møteplassar
• Arbeidsplassar
• Kartlegge moglege tomteområder, skaffe fleire tomter til bustad / fritdsbustad
• Infrastruktur
• Signaleffekt
• Grendalaget som ”link” mellom kommunen og grunneigarar
• Sette oss delmål, og feire oss sjølve
• Vi treng arbeidsplassar for å få ungdommen tilbake til bygda.
• Samle alle uansett alder til fleire fellesarrangemang, opplegg som appelerar til alle.
• Lage ein attraksjon for oss, eit Biljardkø-museum !
• Over / undergang frå Eiklund til butikken/ Hamneparken.
• Mange flinke unge skyttarar, stimulere og jobbe i lag med dette miljøet for gode løysingar.
• Finne ein god organisasjonsmodell for grendalaget. Kva med ein modell med hovedstyre + ”celle-grupper” innan ulike ansvar og områdefelt?
• Eit gangvegsystem som gjer det mogleg å ta ein tur med eldre i rullestol frå Eiklund, rundt Kyrkja, ned i Hamneparken, innom butikken, rundt vågen og til biljarden, og tilbake opp på Eiklund, ein opplevelsestur for alle. Må lagast nødvendige raste og kvilestader, utsiktsplassar, skjerma og uskjerma for ver og vind.
• Kartlegge økonomiske bidragsytarar til eit stadutviklingsprosjekt.
• Ingen negative tankar, signalisere positivitet !
• Godt nok vatn til alle
• Attraktive hus og hyttetomter
• Fleire båtplassar (både på sjø og land)
• Halde det ryddig og reint i lokalmiljøet
• Tettare samarbeid mellom lag og organisasjonar, koordinere aktivitet, vurdere felles plattform

Elevshow i kulturskulen: "MORE THAN WORDS - music evolution"

“MORE THAN WORDS – music evolution” er kulturskulen si hovudsatsing dette året. Du får treffe dei eldste elevane våre i fri utfalding på scena. 2 konsertar på same dag – kl. 1730 og 2000, (i staden for å flytte alt utstyret til ny stad og dag). Åfjorddalen bygdehus 18.2.10. kl. 1730 og 2000.

Oppsetjinga er i 5 delar og tek ca 1,5 t + pause: “Fiin gammel aargang, 70, 80 og 90- talet, og Det nye tusenåret” . Elevane har plukka låtar, laga dans, hatt forslag til plakat, namn, og er konferansierar. Danseverkstaden stiller med eitpar grupper, og kunstelevane har laga scenekulissar. I løpet av konserten vil vi og presentere dei to lokale Drømmestipend- kandidatane for 2010.

Flott "Kom deg ut dag" ved Langesjøen

Barnas Turlag Hyllestad sin ”Kom deg ut dag” søndag 07.februar vart nok ein flott dag for store og små i Hyllestad. Sola skein frå blå himmel og det var heilt vindstille då heile 100 vaksne og born møtte opp inst i Drøsdal for å være med til Langesjøen. Med hest og kjerre i front vart det eit langt tog av turglade familiar som gjekk av garde. Framkomstmiddela var både ski, akebrett (gjerne med litt dra -hjelp frå ein vaksen), pulk og mange gjekk på beina. Den ca 2 km lange traktorvegen hadde ideelt føre for alle variantar, flott snødekke gav ypparlege forhold for alle. Reven Turbo var så heldig at han fekk sitte på med hesten og kunne sjå bak på alle dei flinke turgåarane.

Familiedag ved Langesjøen, 7.februar

I anledning Turistforeininga sin ”Kom deg ut” dag har Barnas Turlag Hyllestad gleda av å invitere store og små til
”Familiedag ved Langesjøen”

7.februar kl.13.00 – ca 16.30

Spennende nyvinning i norsk biljardsport lansert

Første serierunde i Eliteserien for lag 2010 er gjennomført. 8 lag fra Tromsø i nord til Stavanger i sør er representert.
Hyllestad skal gjennom sesongen spele 16 runder mot Norges storbyer.

Gjennomføringen av denne serien skjer ved at lagene møtes til kamper via direktesending på Skype, og dette er en nyvinning som Norges Biljardforbund er først i verden til å legge inn i en nasjonal turneringskalender. Serien er bygd opp med to møter lagene imellom gjennom sesongen, og likt som i ishockey vil det bli spilt sudden death – SD når kamper ender uavgjort. Det innebærer at hvert lag får ett poeng for uavgjortresultatet, og ett ekstrapoeng tildeles det laget som avgjør kampen til sin fordel i SD. Hvert lag består av fire spillere.

Rundens store overraskelse ble Svithun-Stavanger som slo den største av forhåndsfavorittene, Trondheim med 3-1. Hyllestad på sin side viste solid styrke og slo Tromsø med 3-1. Hyllestad med sine rundt 1500 innbyggere er en av Norges beste klubber når det gjelder ungdomsrekruttering og klubben har flere landslagsaktuelle spillere.

Kristiansund gjorde en god kamp og sikret sesongens første poeng i sin uavgjortkamp, 2-2 mot Haugesund. Haugesund har regjerende Norgesmester i 8-ball på laget, Malvin Bjelland. Også Oslo mot Strømmen endte 2-2, der Oslo var nok var regnet som en liten forhåndsfavoritt.

Grunnet misforståelser av reglement rundt SD ble begge uavgjortkampene avgjort på feil grunnlag. Uavgjort blir stående og lagene beholder hvert sitt poeng. Turneringsledelsen har derimot bestemt at SD skal sluttspilles i tilknytning til neste serierunde 17. februar, og i henhold til reglement. Endelig resultat der vil avgjøre hvilke lag som får ekstrapoeng.

Kvar runde spilles på salongen i Sørbøvåg.
Vi har då bilde av motstanderens bord på storskjerm og dei tilsvarende av vårt, samt lyd.
Fire spelarar på kvart lag møtes etter tur der kvar seier gir 1 poeng.
Maks 4 poeng kan då gi alt frå 4-0 til 0-4.

Biletkåseri søndag 7/2 kl 1900 på Leirvik Kro

Biletkåseri om reise med den transsibirske jernbanen. Aktøren Tore Nærland er 95 prosent blind. Gjennom dei siste 31 åra har han sykla/reist for fred i 104 land. Denne reisa startar i Moskva, med tog vidare til Jekaterinburg, Irkutsk (i Sibir), Ulan Bator (i Mongolia) og endar i Beijing, der vi mellom anna vert med til den kinesiske muren og den himmelske fredplass. Kaffi m/litt attåt. Entre: sjå oppslag. Arrangørar er Folkeakademiet Hyllestad og Hyllestad lag av Norges Handicapforbund.

Stort oppmøte og mykje aktivitet med Barnas Turlag Hyllestad

Vinterleik med Barnas Turlag Hyllestad
- ein kjempeflott dag, der både store og små leika seg i snøen på Sætre.

Nydeleg utsikt frå toppen av den store bakken. Her er gjengen klar til å sette utfor.

Vinterleik med Barnas Turlag Hyllestad søndag 25/1 kl 1200

Kjekkast i landet?

Medan andre lag tek pause eller må trekke innandørs og Premier League-kampar vert avlyst, held Hyllestad sine treningsvillige ungdommar stand. Ikkje ein gang 30 cm med snø på bana var nok til å skremme vekk denne gjengen, då starta ein litt tidlegare, og tok med kvar si snøskuffe. Dette vart rett nok eit vel ambisiøst prosjekt, men kva gjer det når ein har kjekke sambygdingar som i tillegg har utstyret i orden? I løpet av minuttar stilte Halvar Horne i Horne Maskin opp med traktor og skjær, og i løpet av det neste kvarteret hadde vi strålande tilhøve for snø-fotball.

Med det var sesongoppkøyringa i gang. Sjølv om bana ikkje er som ho skal vere, så er det mykje god trening i snøfotball, som har mykje til felles med sandfotball. I tillegg har vi fått kloa i gymsalen på onsdagskveldane, så få vert det innetrening med kombinert fotballspeling og fysisk trening. Så treningsvillige ungdommar kan ikkje vere vanleg å ha, så ein stor porsjon honnør til Martin, Jan Anders, Kristoffer, Steffen, Rafael, Alexander, Hans Kristian og Eirik for stabilt oppmøte.

Allmannamøte/idedugnad!

Me ynskjer å samle alle sjeler i Sørbøvåg grend, og ellers alle som ynskjer å delta i ein idedugnad vedrørande grendas framtid. Ordlyden “Kva ynskjer du skal skje i bygda vår?” er gjennomgåande, så har du nokon tankar om dette, møt opp!

Dette er noko for alle aldersgrupper, alle med meiningar, alle med ynskjer , alle med draumar for Sørbøvåg og omeng! Grenda di treng deg, dine ynskjer, draumar og meiningar.

Hyllestad

Følges av 151 medlemmer.

Dette er ei fellessone for alt som rørar seg av aktivitet i Hyllestad kommune. Frå denne sona skal alle lag og organisasjonar – samt alle interesserte enkeltpersonar – bidra med positive innlegg og diskusjonar. Nøl ikkje med å laste opp bilete, oppdatere kalendaren eller å skrive referat frå noko som har skjedd.

Sona er opa for alle, og innhaldet er Hyllestad-relatert. Alle medlemmar pliktar å fylgje det oppsette regelverket som ser slik ut:

1. Alle innlegg skal underteiknast med fullt namn. Anonyme innlegg vert sletta utan nærare varsel.

2. Innlegg som strid mot norsk lov vert sletta.

3. Innlegg som ikkje held seg til sak vert ikkje tilletne. Personangrep og injurierande innlegg vert fjerna utan varsel.

4. Bruk alminneleg folkeskikk. Ha respekt for at andre kan meine andre ting enn deg sjølv.

5. Skriv innlegga på norsk. Prøv å bruk så godt språk som mogeleg. Ver obs på teiknsetjing og rettskriving. Les gjennom to gangar før du publiserar innlegget. Unngå bruk av MSN og SMS-språk (forkortingar, smilefjes o.l.).

6. Alle som bidreg er ansvarlege for det dei skriv.

7. Det er ikkje tillete å publisere det same innlegget fleire gangar på rad, såkalla ”spamming”.

8. Bruk av sona for kommersielle føremål er ikkje tillete (reklame o.l.).

9. Innhaldet skal primært vere relatert til Hyllestad. Dersom ein ynskjer å debattere andre saker, sjå om det finst andre soner som passar betre, eller opprett di eiga sone.

10. Hald ein god tone, og gjer ditt beste for å skape ei positiv, skapande og inkluderande sone.

11. Ved brot av ein eller fleire reglar får ein ei åtvaring. Etter tredje åtvaring vert ein utestengd frå sona.

Klager skal meldast inn til ein av moderatorane. Moderatorane skal ikkje redigere debattar på eigne innlegg.

Moderatorar i sona er:

Joakim Systaddal
Gaute Lundeland
Asbjørn Løland
Ingemar Nordstrand
Håkon S. Giil
Turid Janka Langedal
Tore Bråstad
Frode Akse
Odd Erling Wolff Mer om sonen

Origo Hyllestad er en sone på Origo. Les mer
Annonse